Har du fått med deg alt dette ein dag museet på Stend er ope, kan du sykla mot Osøyro. Osbanetraseen vidare er asfaltert, og det er ikkje biltrafikk på han. I skjeringane får du eit inntrykk av kor smalt profilet for Osbanen var. Snart må du ta deg i vare, for sykkelvegen eller osbanetraseen som du syklar på, kryssar over Titlestadvegen. Dette krysset er svært trafikkfarleg. Ved krysset mellom Osbanen og Titlestadvegen låg stoppestaden Solbakken. Denne staden er også ein trist stad for alle vener av Osbanen, for her ved Solbakken var det rivingsarbeidet av Osbanen tok til. Eitt tog reiv skjenegangen mot Nesttun, og mannskapet på eit anna tog reiv skjener og sviller mot Osøyro. Sykkelvegen vidare mot Os er ikkje nokon skikkeleg sykkelveg. Vegen, som heiter Kvernabekkvegen, er ein bustadsveg der det stendig køyrer bilar, og der det er mange fartsdumpar. I dette stroket lever Osbanen vidare på folkemunne, for når folk går på Kvernabekkvegen, seier ein ofte "Å gå på linjo". Der Kvernabekkvegen kryssar Titlestadvegen endå ein gong, kan det vera litt vanskeleg å finna osbanetraseen vidare. Kvernabekkvegen er identisk med osbanetraseen, så finn du Kvernabekkvegen, er du på rett veg, og då ser du Fana stasjon på høgre side. Eller du ser ikkje Fana stasjon, for stasjonsbygningen er så ombygd at det er vanskeleg å kjenna han att. Bak eit høgt gjerde står det ikkje noko tog på skjener, men ein båt på land. Om du syklar mot Nesttun, får du stasjonen på venstre side, slik som på biletet. Osbanetraseen mellom Stend og Solbakken og tidlegare Fana stasjon
Ikkje så lenge etter den tidlegare Fana stasjon er det slutt på å bruka Osbanen som bustadveg. Langs Klokkarvatnet er osbanetraseen retteleg idyllisk utan biltrafikk. Biletet under syner SLF eller "Syklistenes landsforening" avdeling Bergen med omegn som er på sykkeltur på "linjo" langs Klokkarvatnet. Syklistenes landsforening på sykkeltur på Kvernabekkvegen
Kvernabekkvegen tek deg fram til tidlegare Hamre haldeplass. Det er ingen spor etter haldeplassen i dag. Pass på at du syklar opp på vegen som går til høgre for vegkrysset . Du syklar no på ei strekning av Osbanen som ikkje er utvida etter nedlegginga. Legg merke til dei tronge skjeringane på vegen, som vitnar om kor små og smale lokomotiv og vogner var på Osbanen. Osbanen hadde ikkje tunellar, men han hadde mange tronge skjeringar. Til Høgre: utsyn over Kalandsvatnet
Snart kryssar Osbanen Kismulvegen og går gjennom tunet på garden Selsvik. Osbanetraseen går no nært Kalandsvatnet. Diverre er det så mykje vegetasjon langs traseen som hindrar utsyn utover vatnet. Somme stader kan ein likevel vera heldig og få ein glimt ut over vatnet gjennom det tette lauvet. Til og med på ein regnversdag om sommaren let det seg gjera. Osbanen langs Kalandsvatnet. Til høgre: Den amputerte fyllinga ved Kismul
Før
ein kjem til Kismul, må syklistane gje avkall på Osbanen. Det er bygt
eit par hytter på den gamle traseen. Men Bergen kommune har opparbeidd
ein sykkelsti langs Kismulvegen, litt utanfor banetraseen. Snart
svingar sykkelvegen til venstre og ned på osbanetraseen att. Osbanen
gjekk i si tid over ei fylling her på Kismul. Diverre har dei som har
opparbeidd sykkelvegen, ikkje vore så flinke til å ta vare på
infrastrukturen etter Osbanen. I staden for at sykkelvegen går på same
nivå som Osbanen, har sykkelvegbyggjarane skore av fyllinga, slik at
sykkelvegen får ein stor dump som ikkje minner om føringa til ein
jernbane. På
Kismul kunne ein tidlegare finna ei gamal vogn etter Osbanen. Det var
ei av vognene som Skabo leverte til Osbanen. I 2017 vart vogna flytta
til Os, og ho står no i lagerhallen som høyrde til Lidl-butikken. Denne vognkassa står no i Lidl-hallen på Os Traseen
etter Osbanen kryssar Kismulvegen eit par gonger før du kjem fram til
Kalandseid stasjon. Traseen hit er asfaltert. Det er ikkje
biltrafikk på han, og han er fin å sykla på. I følgje rutetabellen til Osbanen har du no sykla 15 km etter Nesttun. Kalandseid
stasjon hadde to rekordar når det gjeld Osbanen. Her låg det høgaste
punktet på banen, 75,5 meter over havet. Så høgt måtte altså Osbanen
før han svinga søretter og kunne følgja Osvassdraget ned mot Osøyro.
Den andre rekorden, som banen på Kalandseid deler med 4 andre kurver på
banen, er dei krappaste svingane med berre 50 meter radius. Eit
satellittbilete frå Google syner den krevjande svingen. Like før (når
toga kom frå Os) den kvasse svingen gjekk det eit sidespor rett
nordetter. Inntil dette sidesporet låg stasjonsbygningen på Kalandseid,
og det var her toga på Osbanen skulle stoppa. Dei fekk ikkje lov
til å stoppa i den krappe svingen. Det vil seia at toga måtte køyra inn
på sidesporet, stansa og bakka ut att. Ein kan lett forstå at dette var
ei tids- og arbeidskrevjande manøvrering. Truleg var grunnen til dette
driftsopplegget at ein var redd for at hjula ville låsa seg i den
kvasse svingen, slik at det var vanskeleg å få toget i gang att om
toget hadde stansa i 50 meters-kurva. Kan denne angsten hengja saman
med at banen vart bygd breiare enn han opphavleg var prosjektert for?
Di smalare sporvidde, di lettare går toget gjennom svingane. Per Ivar
Tautra meiner at utvidinga av sporvidda frå 600 mm til 750 mm ikkje
hadde noko å seia for køyring i kurver. Han snakkar om ei marginal
utviding av sporvidda. Det vert hevda at ein gong låg pensen til
sidesporet på Kalandseid feil, og toget frå Os køyrde inn i svingen og
stansa der. Det synte seg at det ikkje var noko problem å setja toget i
gang att i kurven med 50 meter radius. Etter den episoden var det slutt
med å la toga stansa på sidesporet, og driftsopplegget for Kalandseid
stasjon vart mykje enklare. Stasjonsbygningen på Kalandseid er fjerna. Satellittbilete av Kalandseidet. Osbanen er teikna med svart. Sørover mot Osøyro følgde så Osbanen Osvegen eller Byvegen, som vegen heiter i Bjørnafjorden kommune. Osbanen gjekk ikkje heilt inntil køyrevegen, og banetraseen er ikkje opparbeidd som sykkelveg. Derimot er det sykkelveg kloss inntil Osvegen. Medan du syklar nedover mot Røyknes og dagens bygrense, kan du skimta traseen etter Osbanen oppe i lia til høgre. Osbanen gjekk på ei fylling over Bahusbekken, og den fyllinga er lett å få auga på frå riksvegen. Osbanetraseen vart verande i kommunalt eige også etter nedlegginga, men med nokre unntak, for sør for Kalandseid selde Fana kommune arealet, der Osbanen hadde gått, attende til dei opphavlege eigarane. Er det difor sykkelvegen ikkje er lagt på traseen etter Osbanen? Grensa
mellom Fana og Bjørnafjorden, det som no er bygrensa, går ved
Røykneset. Sør for Røykneset, der det heiter Tømmernes, går sykkelvegen
opp på osbanetraseen att. Diverre er det ikkje ein rein sykkelveg, for
det ligg nokre hus langs vegen, og dei som bur der, brukar sykkelvegen
som bilveg. Gjennom
Søfteland er osbanetraseen ikkje opparbeidd som gang- eller sykkelveg.
Du må anten sykla i Byvegen eller krongla deg fram på fortauet. For å
koma ut på Osbanen att, må du sykla sørover på same side av Byvegen som
der Søfteland skule står. Då kjem du ut på ein gang- og turveg som er
identisk med osbanetraseen. Rett som det er kjem du ut på ei trebru,
som er Bergstøbrua der Arne Kayser hang under brua medan Ostoget køyrde
over. Dette er ein scene frå 16 mm-filmen som sokneprest Irgens tok opp
i 1934 eller 1935. På dette biletet har eg gjort eit unntak frå regelen
om at alle bilete skal vera frå etter år 2000. Spennande scene under Baugstøbruo (frå Irgens-filmen) Til høgre postvegbrua under Byvegen. Frå Bergstøbrua ser du strukturen av postvegbrua frå ca. 1810. Her har du ein kulturhistorisk skatt som ligg godt gøymd under Byvegen eller E 39. Men det kan godt vera at alt lauvverket hindrar at du ser den gamle brua. Følgjer du grusvegen vidare søretter, kjem du snart til Gåssandkilen, der veg og Osbane gjekk i ein krapp sving, Osbanen innanfor vegen. Diverre har Byvegen ete seg nærmare innpå osbanetraseen, slik at vegen går kloss i traseen. Biletet under stammar frå år 2000. Som vi ser, gjekk vegen lenger borte frå Osbanen. Den vesle brua i Gåssandkilen er opparbeidd, og det er til og med lagt inn jernbaneskjener med sporvidda til Osbanen. Osbanetraseen i Gåssandkilen før siste omlegging av Byvegen. Til høgre: Jernbaneskjener på Gåssandbrua. Rett
etter brua med skjener bør du gå ut på Byvegen, gå over vegen i
fotgjengarfeltet og sykl på gang og sykkelveg ved sida av byvegen. I
den store svingen ved Hetleflåten, kan du igjen kryssa over Byvegen.
Utan sykkel og med livet som innsats kan du skreva over to autovern. Då
skulle du stå på om lag same stad der fotograf Djupdræt stod 1.
september 1935 og tok det ikoniske biletet av Osbanen. Han fotograferte
det aller siste toget på Osbanen. Aldri hadde det vel nokon gong vore
eit så langt tog på Osbanen, med to lokomotiv føre toget. Sjølv om det
lange toget såg imponerande ut, var det eigentleg eit gravferdstog for
Osbanen. Om du no kjem deg trygt attende over Byvegen, syklar du vidare mot Osøyro. Rett etter det gamle Ulvenskiftet og før det nye Tøsdalsskiftet ser du Ulven stasjon til høgre. Stasjonen er no eit bustadhus og sterkt ombygd. Her var det altså at soldatane til Ulven leir gjekk av toget og marsjerte fram til leiren. No er det berre å rulla med sykkelen ned til Osøyro. Sykkelvegen går på same side av Byvegen som Osbanen gjekk. Eg kan likevel ikkje heilt ut garantera at sykkelvegen ligg på nøyaktig same stad som der Osbanen gjekk.Når du kjem fram til Osøyro, får du auga på Os stasjon. Stasjonen heitte så i alle år, men i rutetabellane endra Osbanen namnet til Osøren, fordi det var ein annan stasjon på det norske jernbanenettet som heiter Os. Tettstaden heiter Osøyro i dag, slik det heiter på Sunnhordlandsmål. Os stasjon var hovudbasen for Nesttun-Osbanen. Her var stasjonsbygning, lokomotivstall, vognhall og verkstad. På Nesttun, den andre endestasjonen for Osbanen, hadde Osbanen berre eit buttspor. Nesttun hadde ingen tilsette i Osbanen. Os stasjon er bygd i nasjonalromantisk sveitsarstil med karakteristisk tak som går lenger ut enn gavlveggene. I tillegg var endepunkta for mønet utstyrde med drakehovud. Over plattforma raga taket ut, slik at dei reisande ikkje skulle verta våte i vått ver. Eit slikt plattformtak har du sett på Stend Stasjon. I gavlveggen var døra til husværa i andre etasje bygd inn. På gavlveggen kan ein enno sjå spor etter døra og taket over døra. Utbygget over døra var med på å framheva sveitsarstilen på stasjonsbygningen. Stasjonsbygningen
til Osbanen. Taket ragar ut over gavlveggen i sveitserstil. Til høgre
ser vi spor etter ei dør med ekstra tak over. Rett
sør for stasjonsbygningen ser du Osbanen sin vognhall. Etter at Osbanen
var lagd ned, vart Os stasjon bussgarasje, og vognhallen var kledd inn
med bølgjeblekkplater, som no er fjerna. Den opne vognhallen ser slik
ut som han gjorde då Osbanen hadde vognene sine under tak der. I den
søre delen av vognhallen er det laga eit utstillingslokale/galleri. Er
du heldig, kan du sjå fleire fotografi av Osbanen i driftstida. Den opne vognhallen på Os stasjon. På Osøyro hadde Osbanen korrespondanse med rutebåtane på Bjørnafjorden. Solstrand hotell vart bygd i si tid fordi Osbanen kunne frakta gjester til hotellet. Om du no har følgt Osbanen på sykkel, har du sykla 26 km. Det er fråstanden Nesttun-Osøyro som Osbanen opererte med i rutetabellane sine. Eg vonar du har hatt ein fin og interessant tur. Meir interessant stoff til sykkelturen på Osbanen
Attende til Nesttun stasjon |